Ny og grønn!

Ny og grønn!

Eg har lenge hatt eit mål om å leva meir miljøvenleg, men det er først dette halvåret eg verkeleg har lagt konkrete planar. Etter at det dukka opp litt fleire kanalar på Canal Digital-boksen vår, snubla eg over programmet "It's not easy being green" med Dick Strawbridge, som eg allereie kjende frå Green Mechanics og Scrapheap Challenge. Sjekk heimesida hans dersom du lurer på kven det er. "It's not easy..." inspirerte meg voldsomt, og eg bestilte så boka basert på serien, som eg slukte på eit par dagar - stapp full av gode råd og praktiske tips.

I kvardagen trudde eg eigentleg ikkje eg var så verst miljømessig, eg, mann, hund og katt bur landleg til, skrur av alle lys når me går ut av rommet, passer på å skru av knappen på tv-en, resirkulerer mykje meir enn det som er vanleg i denne byen, leverer til Fretex...i tillegg har me vinterhagen full av små grønnsaksplanter som forhåpentlegvis vil gje oss eigenprodusert mat utover sommaren. Men etter at eg tok testen her på Klimaklubben...eg har rett og slett dårleg samvit!

Målet eg og min mann har satt oss er å bu meir eller mindre sjølvforsynt i forhold til straum og grønnsaker, høner i hagen, miljøvenlege feriar...diverre er verda slik at dette er nokre år fram i tid. Men det er ikkje verst berre det at målet er satt!


Kommentarer til blogg-artikkelen

Logg inn eller opprett brukerkonto for å kommentere.

Del på Nettby
eZ Publish™ copyright © 1999-2012 eZ Systems AS